Planarbeid for Lærdal Fjordfront i gang
Lærdal Båteigarlag har arbeida fram moglegheiter for utvikling av arealet mot fjorden, for å gjere området meir attraktivt for besøkande og innbyggjarar. Dei ynskjer no at det blir starta planarbeid for dette, slik at det blir lagt til rette for ein endra framtidig arealbruk her. Kommunestyret er postivt til dette, og ynskjer i same plan å få vurdert sikringstiltak mot stormflo/havnivå-stigning og vurdere å etablere samanhengande gangstiar i området. Planområdet er heile Grandane og Løytnantsbryggja, havneområdet og kring besinstasjon/Trevaren AS, og Lærdal Grønt/Monter Andersen. Det vil i planarbeidet også verte vurdert framtidig arealbruk i desse områda.
Me viser til dokumenta under for meir informasjon om planarbeidet, framdriftsplan, organisering av prosjektet, planområdet osv.
Alle kan koma med innspel til planarbeidet. Desse vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 25. februar 2020.
Lærdal kommune hadde annonse i Sogn Avis for ulike planarbeid i desember med tidlegare frist for innspel. Då kommunen ikkje har fått kunngjere planarbeidet til alle før no, er det fristen i denne kunngjeringa som er gjeldande for dette planarbeidet.
Ta gjerne kontakt med sakshandsamar for spørsmål om planarbeidet, utskrift av dokument eller anna.
Les meir (trykk på linken):
Saksdokument
Planprogram
Moglegheitsstudie