Oppstart av detaljplanlegging for Håbakken, delområde 2
Kommunestyret i Lærdal har gjort vedtak om å starte planprosess for Detaljregulering av Håbakken, delområde 2. Føremålet med planarbeidet er å følgje opp den vedtekne overordna planen med detaljplanlegging, for å leggje til rette for etablering av næringsaktivitet på området.
Planområdet er same område som er omfatta av den tidlegare planen Områderegulering for Håbakken, delområde 2. Det er avklara gjennom Kommunedelplan for Tønjum – Ljøsne og Områderegulering for Håbakken, delområde 2 at området skal nyttast til næring. Føremålet med planarbeidet er no å fastleggje detaljane på næringsarealet. I planarbeidet skal det planleggjast oppfylling av areal, flytting av kile, vegtilkomstar, VA-anlegg, grøntareal osv.
Det vart gjennomførd omfattande konsekvensutgreiingsarbeid for den overordna planen, og denne skal liggja til grunn for detaljplanlegginga. Det er difor vurdert at det ikkje er krav eller behov for ytterlegare konsekvensutgreiingar i dette planarbeidet. Det vil likevel vera tema som vert omfattande omtala og vurdert gjennom planprosessen, då spesielt flaum/oppfylling, grøntareal og kileprosjektet. Alle reguleringsplanar skal også innehalda vurdering for barn og unge sine interesser, klimaendringar, nærmiljøet (støy, ureining og liknande.), landskap m.m. Meir om Områdereguleringsplanen og konsekvensutgreiingane kan ein lesa her: https://www.laerdal.kommune.no/hoeyring-omraadereguleringsplan-for-haabakken-naeringspark-del-i-og-ii-laerdal-kommune.5918903-156407.html.