Startar arbeidet med ny plan for klima, miljø og energi

FN\'s klimamål

Lærdal kommune vedtok Kommunedelplan for Energi og Miljø i 2007. Planen er i dag utdatert, og det er stort behov for å utarbeide ny plan, då også med Klima som tema. Kommunestyret vedtok i møte 03.09.2020 å starte arbeidet med ny Kommunedelplan for Klima, miljø og energi og la samstundes framlegg til Planprogram ut til offentleg ettersyn og høyring. Planprogrammet skal fortelja korleis planprosessen skal føregå og vere organisert, korleis ein skal sikre medverknad, framdriftsplan osv. 

Den nye kommunedeplanen skal innehalda konkrete tiltak som gjeld heile kommuneorganisasjonen, innbyggjarar og andre, og tiltaka skal byggje opp under vedteken visjon for kommunen "Grøne Lærdal".

Kommunen ynskjer gjerne innspel til planarbeidet, og innspel til framlegg til planprogram. Innspel vert å senda til post@laerdal.kommune.no eller Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal innan 19. oktober 2020. Merk gjerne sendinga med "Innspel til Kommundeplan for klima, energi og miljø".

Les meir her (trykk på linkane):

Framlegg til planprogram

Sakspapir for oppstartsvedtak

Om visjonen "Grøne Lærdal"