Planarbeid for golfbane og utvida masseuttak på Ljøsne

Planområdet med masseuttak

Det er starta privat planarbeid på Ljøsne for å etablere ny golfbane på område kring Sløgrandane. Planarbeidet føregår i samarbeid med Voll-Lunde AS for å leggje til rette for utviding av masseuttaket på Mo. MetoPro AS er engasjert av tiltakshavarane for fagleg kompetanse, og det er utarbeida planprogram til planarbeidet. Framlegg til planprogram er lagt ut til offentleg ettersyn og vert sendt på høyring.  Alle kan kome med innspel til oppstart av planarbeidet og framlegg til planprogram, og innspel skal sendast til MetoPro AS (epost toe@metopro.no). Ta kontakt med MetoPro AS på tlf. 91620086 for spørsmål, eller for ynskje om å levere innspel i papirform.  Frist for innspel til er sett til 10. august 2020.

Les meir her:

Sakspapir frå kommunestyret 07.05.20

Framlegg til planprogram