Geologar til Strendene og Erdal

Onsdag 28.02.18 kjem det geologar til Lærdal for blant anna å synfare fjellsidene i Erdal og Strendene, i tillegg til eit par andre stadar i kommunen.  Vurdering av rasfaren i Erdal og Strendene, skjer i samband med Områdereguleringsplanane for Erdal og Strendene.  Geologane tek kontakt med enkelte grunneigarar i dagane framover, dersom dei treng dette for å hente inn lokal informasjon.  Endeleg sluttrapport for skredvurderingane er venta i løpet av få veker.  Ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne (tlf 90516686/epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no) dersom det er spørsmål kring dette.