Eitt steg vidare med "Klimaplanen"
Kommunen arbeider med ny Kommunedelplan for Klima, miljø og energi 2021-2030. Torsdag vedtok kommunestyret å fastsette planprogrammet. Dette dokumentet seier noko om kva den nye kommunedelplanen skal innehalda, om framdrift, organisering av arbeidet, tema osv. Framlegg til Planprogram låg ute til offentleg ettersyn i 6 veker, og det kom merknadar som vert handsama vidare i prosessen. No er administrasjonen godt i gang med å utarbeide den nye kommunedelplanen, som blant anna skal innehalda konkrete tiltak for blant anna å ta vare på naturmangfaldet, redusere klimagassutslepp, redusere energibruk, auka fokus i befolkninga kring forbruk og attbruk, miljøvenlege alternativ, osv.
Kontaktpersonar i planarbeidet er vår klimakoordinator Inger Oddrun Sverkmo (inger.oddrun.sverkmo@laerdal.kommune.no) og arealplanleggjar Monika Lysne (monika.lysne@laerdal.kommune.no). Ta gjerne kontakt med oss om de har spørsmål om planarbeidet.
Les meir her:
Planprogrammet
Sakspapir (vedtak i kommunestyret)