Avfallsplan for hamner i Lærdal

Forsøpling til havs er eit aukande nasjonalt og internasjonalt problem.  Avfallet kjem frå fleire kjelder, men avfall frå skip og båtar står globalt for omtrent 20 prosent av den marine forsøplinga.  Som eit tiltak for å redusere marin forsøpling, er det viktig at båtar leverer avfallet sitt på land og at hamner har tilstrekkeleg mottaksordning for avfall frå båtar som legg til kai.

Føremålet med avfallsplanen er å verna det ytre miljø ved å sikre etablering og drift av tilfredsstillande mottaksordningar for avfall fra småbåtar / lystbåtar, og å sørgje for at avfall frå desse vert levert til mottaksordning i hamnene.  Det er fyrste gong kommunen lagar eigen avfallsplan for hamner i Lærdal.  Nye tiltak som er sett opp i planen er å etablere avfallshandtering på Frønningen ferjekai og etablere kjeldesortering på Lærdal hamn.  Planen skal til endeleg godkjenning hjå Fylkesmannen.

Les Avfallplan for hamner  i Lærdal her (trykk på linken)