Reguleringsendring Ofta Aust - vedtak av plan

Kommunestyret gjorde i møte 22.06.2017 vedtak av Reguleringsendring Ofta Aust. Føremålet med planarbeidet har vore å regulere inn ei bustadtomt og eit mindre parkeringsareal på tidlegare friareal.  Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak til fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §12-12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI.  Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, 6887 Lærdal, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa.  Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld. Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa.  Krav om erstatning eller innløysing skal rettast skriftleg til Lærdal kommune.

For spørsmål om planarbeida, ta kontakt med Planavdelinga, arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 57 64 12 35/epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no

Det vert arrangert ope møte for bruksrettshavarar og Lærdal Turlag tysdag 22. august 2017 kl. 13.00 for å drøfte løysingar for bedre parkeringsforhold for beite- og stølsrettshavarar og turgåarar i Ofta.

Les meir om reguleringsplanen her:

Sakspapir - vedtak av plan

Plankart

Planomtale og føresegner

ROS-analyse

Skredvurdering