Reguleringsendring Ofta Aust - offentleg ettersyn og høyring

Formannskapet vedtok i møte 26.01.17 å leggja Reguleringsendring, detaljplan for Ofta Aust ut til offentleg ettersyn og høyring.  Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for bustad og parkering.  Planframlegget vert liggjande til offentleg ettersyn i perioden 01.02.-15.03.17, og fristen for innspel er sett til 15.03.17.  Plandokumenta er å finna i papirform på Rådhuset.  Merknadar til planframlegget skal sendast til Lærdal kommune v/Planavdelinga, pb. 83, 6886 Lærdal.

Sakspapir

Planframlegg - plankart

Planframlegg - planomtale og føresegner

ROS-analyse

Skredvurdering