Reguleringsendring for Losjehustomta og område rundt

Bilde Losjehus

Kommunestyret har vedteke oppstart av reguleringsplanprosess for å vurdere endring av reguleringsplanen i område der Losjehuset og Ungdomshuset på Lærdalsøyri ligg.

Det er gjort vedtak om at administrasjonen i kommunen skal lyse ut «Losjehustomta» for sal til bustadføremål.  For å gjennomføre dette, er det naudsynt med reguleringsendring, då gjeldande planverk har omsynssone for vern og inneheld forbod om bygging på tomta.  Føremålet med planarbeidet er å vurdere området som er regulert til omsynssone for vern, vurdere endra føresegner for Losjehustomta og vurdere framtidig utbygging av tomta.

Les meir her:

Møteprotokoll - vedtak om oppstart av reguleringsendring

Gjeldande reguleringsplan - plankart

Gjeldande reguleringsplan - planomtale og føresegner

Innspel til oppstart av reguleringsendringa vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 13.august 2019.