Framlegg til ny utbygging av "Losjehustomta"

Bilde Losjehus

Formannskapet har vedteke å leggja framlegg til utbygging av Losjehustomta ut til offentleg ettersyn. Losjehuset brann ned i storbrannen, og den nye planen legg no til rette for nybygging på tomta.

Etter at Losjehuset brann ned i storbrannen, har det vore eit politisk ynskje å leggje til rette for nybygging på tomta. Det var behov for å vurdere korleis ei slik nybygging skulle skje og avklare vernestatusen på tomta. Det vart difor starta planprosess for å revidere reguleringsplanen, slik at det vart gjort grundige vurderingar i forhold til nybygginga. Det har i haust vore arrangert mini-seminar om nybygging på Losjehustomta. Her var interesserte i kulturminnevern og historie invitert til å vere med å utvikle tomta. Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, Historielaget i Lærdal, kulturavdelinga i fylkeskommunen, kulturavdelinga i kommunen og ungdomslaget på Lærdalsøyri var representert på mini-seminaret, som vart arrangert i Frilund ungdomshus. Framlegg til plan for nybygging av tomta er i stor grad i tråd med innspel som kom fram på dette seminaret. Framlegget vert no lagt ut til offentleg ettersyn og høyring. Innspel vert å senda til Lærdal kommune, postboks 83, 6886 Lærdal eller post@laerdal.kommune.no innan 24. januar 2020.

Les meir her (trykk på link):

Sakspapir (vedtak om offentleg ettersyn)

Framlegg til nytt plankart

Framlegg til nye føresegner

ROS-analyse

 

Relevante dokument:

Sakspapir (vedtak om oppstart)

Gjeldande plankart (2013)

Gjeldande føresegner (2013)