VIKTIGE TELEFONNUMMER I SAMBAND MED KORONASITUASJONEN


Kommunen sitt sentralbord er bemanna frå kl 08.00 til kl 15.00 og kan svara på mange spørsmål knytt til koronasituasjonen i Lærdal. Sentralbordet handterar også organisering av hjelp frå frivillege til handling og levering av matvarer.
Telefonnummer 57 64 12 00.

Folkehelseinstituttet har oppretta ein nasjonal informasjonstelefon for koronaviruset.
Telefonnummer 815 55 015.

Kriseteamet i er sett i drift. Psykososialt kriseteam er breitt samansett og skal gje støtte, omsorg og fagleg hjelp til mennesker som vert råka av ulukke, kriser og katastrofer.  
Telefonnummer til leiar, 40 43 96 78.

Kriseleiinga i kommunen samlast for tida dagleg. Kriseleiinga koordinerar den overordna innsatsen i Lærdal kommune utanfor normalsituasjonar.
Telefonnummer 99 46 88 00.

E-post kan sendast til: korona@laerdal.kommune.no

Me oppmodar alle om å ikkje ringe legevakta med mindre det er alvorlege situasjonar. Generell informasjon om koronaviruset må takast via andre kanalar. 

Me vil nytte høvet til å takke alle frivillege, samt tilsette i kommunen, som no stiller opp på forskjellege måtar for å avhjelpe den situasjonen me er inne i.