Vedtak av reguleringsplan for "Erisletta"

Kommunestyret gjorde i møte 19.06.19 vedtak av Reguleringsplan for Rv5, Nedre Eri - Håbakken.  Føremålet med planen er å betre trafikktryggleiken på strekninga. Dagens køyreveg vert utvida til omkring 7,5 meter og det vert plass til forsterka midtoppmerking.  Vegen fyl same trase som i dag.  Det skal gjerast tiltak for å hindre viltpåkøyrsle på strekninga. 

Planen kan lesast her (trykk på linken).

Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak til fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §12-12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI.  Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, 6887 Lærdal, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa.  Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld. Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa.