Vedtak av ny reguleringsplan for "Losjehustomta" og område rundt

Bilde Losjehus

Lærdal kommune informerer med dette om at kommunestyret har vedteke Reguleringsendring for del av Øyramarki, del av verneområde for Gamle Lærdalsøyri.  Føremålet med planarbeidet har vore å leggja til rette for nybygging på «Losjehustomta», tilpassa verneområdet.  Kommunen informerer om at det ikkje er teke stilling til om kommunen skal selje tomta eller byggje ut sjølv. Det vil bli fremja eigen politisk sak om dette.

Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak av plan etter Plan- og bygningslova §12- 12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI. Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa. Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld. Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa.


Les plandokumenta (høyringsframlegget) her:
https://www.laerdal.kommune.no/reguleringsendring-for-del-av-oeyramarki.502058.no.html

Les sakspapiret i vedtakssaka her