Planprogram kommunedelplan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2024 - høyring

Lærdal kommune startar arbeidet med å lage ein ny plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i kommunen. I Bestemmelser om tilskudd til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (2018) er det ei forutsetning at anlegg og tiltak som søker om spelemidlar skal inngå i ein vedteken kommunal plan for perioden 2021-2024.

 

Planprogrammet skal informere om føremålet med planen, føringar for planarbeidet, medverknad, tidsfristar og prosess. Det vil bli lagt opp til prosessar for å få inn konkrete tiltak til planforslag i oppstarts/høyringsfasen. Dette vil også gje tidleg medverknad og eit betre grunnlag for å utarbeide eit godt planforslag i neste omgang.

 

Kommunedelplan idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2021-2024

 

Merknader til planprogrammet og innspel til planen skal sendast til:

 

Lærdal kommune

Postboks 83

6886 Lærdal

Eller som e-post til post@laerdal.kommune.no

 

Frist for innspel og merknadar er sett til 16. mars 2020.