Områderegulering for Håbakken - delområde I - vedtak av plan
Kommunestyret har i møte 23.11.2017 vedteke områderegulering for Håbakken – delområde I.
Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak til fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §12-12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI. Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, pb 83, 6886 Lærdal, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa. Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld.
Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa. Krav om erstatning eller innløysing skal rettast skriftleg til Lærdal kommune