Om vegetasjonsrydding langs Lærdalselva og sideelvar

trevirke i elva

Kommunen vil oppfordre til å ikkje leggje trevirke (buskar og greiner) langs elvekanten ved vegetasjonsrydding i Lærdalselva eller sideelvane til Lærdalselva.

Det er ei utfordring at fleire som ryddar langs elva om våren legg att trevirke langs elvekanten, og at ein då risikerer at dette vert førd nedover elva ved vårflaumane. Dette kan føre til store problem nedstraums i elva med større samlingar av trevirke, proppdanningar, skade på bruer, tersklar og anlegg langs elva, i tillegg til å skape utfordringar for båtane på fjorden.   Det vert difor sterkt oppfordra til å rydde trevirke frå vegetasjonsrydding vekk frå elvekanten.  Kommunen minner om at det er lovleg å brenne reint trevirke, så lenge dette skjer innanfor gjeldande lovverk. Dersom ein planlegg større bålbrenning, kan det vera lurt å varsle brannsjefen om dette på førehand.