Ny reguleringsplan for Håbakken er vedteken

Kommunestyret har vedteke Reguleringsplan for E16, Håbakken, ny avkøyrsle og lokalvegnett med nokre endringar. Føremålet med planen er å regulera framtidig E16 på ein mindre strekning, etablere ny avkøyrsle til næringsarealet og stenge nokre av dei eksisterande avkøyrslene.

Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak til fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §12-12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI.  Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, 6887 Lærdal, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa.  Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld. Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa.

Les meir her:

Sakspapir

Framlegg til plandokument: https://www.laerdal.kommune.no/detaljregulering-for-haabakken-til-offentleg-ettersyn.6256934-480889.html