Lærdal kommune digitaliserer utsending av faktura

Faktura

Lærdal kommune arbeider i desse dagar med innføring av ny rutine for distribusjon av fakturaer for å auke graden av digital utsending. Dette for å lette arbeidet både for oss og for deg som mottek fakturaer. Den nye forma for utsending resulterer også i ny type fakturablankett.

Kva konsekvensar får dette for deg?
Den nye løysinga inneber at alle fakturaer vert forsøkt sendt digitalt, via Avtalegiro, eFaktura, Vipps eFaktura, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg til ein epost. Viss dette ikkje er mogleg, blir fakturaen levert som papirfaktura i postkassen din.

Avtalegiro
Dersom du som kunde har Avtalegiro, vil også belastningsoppgåva bli forsøkt distribuert digitalt. 
Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil då vere å opprette Avtalegiro, så får du belastningsoppgåve i posten. Beløpet vert trekt frå konto utan at du treng gjere noko.

eFaktura
eFaktura er vår mest tilrådde distribusjonskanal, og me vil tilrå alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt slik at du slepp å taste kontonummer, KID og beløp. Kan kombinerast med avtalegiro.

Faktura via Vipps
Gjennom den nye løysinga kan me no også tilby Vipps eFaktura. Dette føreset at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps eFaktura i appen.

Faktura i Digipost/ eBoks
For å motta faktura via Digipost/ eBoks, føreset det at du har oppretta digital postkasse hjå ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller Avtalegiro med kommunen, vil desse bli føretrekt før Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i epost
Ynskjer du å få fakturaen tilsendt som PDF-vedlegg i epost, kan du kontakte oss for å få registrert di epostadresse i vårt system. Me må presisere at dersom du har digitale kanalar som Avtalegiro, eFaktura, Vipps Faktura eller Digital Postkasse, vil desse bli føretrekt framfor epost.

Faktura levert i postkassen
Dersom me ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassen på same måte som tidlegare, og den einaste skilnaden du vil merke, er at utsjånad på fakturaen er noko endra. 
Den nye blanketten har ikkje girodel i botnen, så om du ynskjer brevgiro, må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar får du på rådhuset/ servicetorget.


Endringane vil gjelde frå og med oktober 2020.
Har du spørsmål, kan du kontakte økonomikontoret på telefon nummer 57 63 29 53.