Detaljregulering for utviding av Saltkjelen bustadfelt
Kommunedelplanen for Ljøsne-Tønjum vart vedteken i 2011. Det vart då regulert til byggjeområde for bustad sør for eksisterande Saltkjelen bustadfelt. Det vart sett krav til at området vert regulert gjennom reguleringsplan (detaljregulering) før tiltak vert sett i verk. Kommunestyret gjorde 14.11.2013 vedtak om oppstart av Reguleringsplan for Saltkjelen bustadfelt. Planprosessen har av ulike årsakar vore sett på vent i ein lenger periode. Administrasjonen starta november 2016 opp att planarbeidet, og har hatt synfaringar/møte med grunneigarar på området. Kommunestyret vedtok i møte 09.02.17 tilkomst til planområdet, og dermed utvida planområdet i tråd med tilkomstalternativet.
Innspel til vedtaket gjort i kommunestyret 09.02.2017 vert å senda innan 11.03.17 til Lærdal kommune v/planavdelinga, pb. 83, 6886 Lærdal.
Sakspapir møte 09.02.17 (tilkomst)
Sakspapir møte 14.11.13 (oppstart
Kartskisse m/alternativ til tilkomst
Gjeldande reguleringsplan Saltkjelen