Vidare planarbeid for ny golfbane og utviding av masseuttak

Golfbilde

Lærdal Golfklubb og Voll Lunde Maskin AS arbeider med å leggja planar for ny golfbane på Sløgrandane og utviding av masseuttaket på Mo. Dei har engasjert MetoPro AS til å utarbeide reguleringsplanen for å leggje til rette for nyetableringane.  Kommunestyret vedtok torsdag å fastsette planprogrammet, som blant anna seier noko om kva som skal konsekvensutgreiiast, framdrift og organisering av planarbeidet. Då er dei eitt steg vidare i planprosessen, og kan no utarbeide sjølve reguleringsplanen. Når dei har eit planutkast klart, vert dette lagt ut til offentleg ettersyn og sendt på høyring, slik at alle som vil, kan uttale seg om framlegget til etableringar.

For spørsmål om planarbeidet, kan de kontakt med:
MetoPro AS, Trond Ø. Einemo (toe@metopro.no)
Arealplanleggjar Monika Lysne (monika.lysne@laerdal.kommune.no)

Les meir her: 
Planprogrammet
Sakspapiret i kommunestyret