14. nov. 2020 kl. 09:02

Informasjon om Koronaviruset

Les mer

Utvida areal til hestesporten i Borgund

Lærdal Ride- og Køyreklubb har søkt til Lærdal kommune om å få disponere eit større areal av idrettsbana til ride- og køyrebane. Dei har i dag ei etablert ridebane her, men har behov for meir areal til den veksande aktiviteten i bygda. Søknaden har vore sendt på høyring til både Idrettslag, Borgund Utvikling, naboar osv. og det har berre komme positive tilbakemeldingar. 
Lærdal kommune har difor gjeve Lærdal Ride- og Køyreklubb løyve til å disponere arealet mellom etablert ridebane og nærmiljøanlegg (med ballbinge, volleybalbane, lavvo). Hestesporten er ein idrettsaktivitet, så det er ikkje naudsynt med endring av reguleringsplan eller dispensasjon for å kunne nytte idrettsbane til hestesporten.

Det er i løyvet sett krav til oppsetting av gjerde, at arealet vert heldt ryddig og ordentleg, og at området skal vera tilgjengeleg for større arrangement i grenda. Avtalen om bruk av arealet gjeld til eventuell anna bruk av arealet er vedteke av kommunen (f.eks. fleirbrukshall eller anna).

Lærdal kommune ynskjer Lærdal Ride- og Køyreklubb lykke til med aktiviteten!


 8AAAAASUVORK 5CYII=
Området som vert teke i bruk av Lærdal Ride- og Køyreklubb er markert på flyfoto, og ligg mellom eksisterande ridebane og nærmiljøanlegget.