The Farewell

Søndag 22.03. Kl. 19:00
Sjanger: Drama
Sensur: Alle
Lengde: 1 t. 40 min.
Kr. 80/120,-

Billi er født i Kina, men bur i New York. No skal ho i eit familiebryllaup i Changchun. Bryllaupet er iscenesett og berre ei orsaking for at heile familien skal samlast for å sjå bestemor, Nai-Nai, ein aller siste gong. Ho har ikkje lenge att å leve, men akkurat det får ho ikkje vite, for familien har bestemt seg for å halde det hemmeleg. At familien vil gi henne ei lukkeleg tid forskåna frå bekymringar kjem i konflikt med Billi sine vestlege verdiar. Billi prøver å navigere i eit minefelt av forventingar og sosiale kodar i Kina, samstundes som ho lærer mykje om seg sjølv og oppdagar landet ho vart født i på nytt. Med ei god løgn i sentrum vert det eit humoristisk og rørande møte mellom familie og kulturar.
The Farewell er ei sjarmbombe av ein film og historia bygger på regissør Lulu Wangs eigne opplevingar.

: Lærdal Kulturhus
Tid: søndag 22. mars 19:00
Kino
https://www.facebook.com/events/1896766521...