Konsert HILDO - AVLYST

Velkommen til stemningsfull folkejazz i kultursalen søndag 15. mars kl. 18.00

Billettar kjøpes på nett eller i døra, kr. 250,-

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018. Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

Turneen er en del av Vestnorsk Jazzsenters turné-ordning, Den Musikalske Stamvegen. Ordningen står for ca. 40 konserter i året. Siden oppstarten har nærmere 170 musikere vært med. I all hovedsak musikere bosatt på Vestlandet.

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Eit av segna seier at bergensarane ville låna klokko, og vossingene var dumme nok til å seia ja. Ute i Bolstadfjoren rauk det opp til uver, båten sokk, og der ligg klokko på havsens botn den dag i dag.

Berit Opheim (vokal)
Tore Brunborg (saksofon)
Stein Urheim (strenger)
Steinar Raknes (bass)
KÃ¥re Opheim (trommer)
David Solheim (lydtekniker)

Nominert til Musikkritikerprisen 2018.

Arrangør: LÆRDAL KULTURHUS OG VESTNORSK JAZZSENTER
: Lærdal kulturhus
Tid: søndag 15. mars 18:00
Kultur
https://laerdalkulturhus.ticketco.events/n...