Tekniske tenester - gater og vegar

  • 1

 

Kommunale vegar
Teknisk etat har ansvaret for drift og vedlikehald av det kommunale vegnettet. Samla lengde på kommunale gater og vegar er ca 88 km. Vintervedlikehald er delvis sett bort til private, i det ein leiger inn tenester til brøyting av vegstrekningar i Borgund og på Frønningen, samt all strøing av glatte vegar. Uteseksjonen utfører sjølv brøyting på gatenettet i Saltkjelen og på Øyri.

Fylkesvegar
Lærdal kommune utfører vedlikehald på ein del fylkesvegar i kommunen for Statens vegvesen. For dette arbeidet yter vegvesenet ei godtgjersle. Samla lengd av fylkesvegane i kommunen er om lag 40 km. Godtgjersla skal dekke vintervedlikehald (brøyting og strøing), sommarvedlikehald, mindre reparasjonsarbeid på vegane.
Tips en venn Skriv ut