Vedtak av Detaljregulering for Einemomarki

Kommunestyret har i møte 15.02.18 vedteke Detaljregulering for Einemomarki.  Kommunestyret gjorde nokre mindre endringar av plan i vedtaket, som gjeld utkøyring i parkeringsarealet til barnehagen, parkeringsplassar, siktrydding og rekkjefølgjebestemmelsar.
 
Les meir om vedtaket her:
 
Les plandokumenta (høyringsutkast) her:
 
Ein kan påklaga kommunestyret sitt vedtak til fylkesmannen etter Plan- og bygningslova §12-12 og 1-9, jfr. Forvaltningslova kap VI.  Klaga må fremjast skriftleg og sendast til Lærdal kommune, 6887 Lærdal, innan tre- 3- veker frå denne kunngjeringa.  Klaga må vera grunngjeven og det må opplysast om kva for tilknyting klagaren har til det området saka gjeld. Krav om erstatning eller innløysing med heimel i Plan- og bygningslova § 15, må fremjast innan tre-3-år etter denne kunngjeringa. 
 
For spørsmål om planarbeidet, ta kontakt med Tekniske tenester, arealplanleggjar Monika Lysne, tlf. 90516686/epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no.