Kosen ungdomsklubb

Lærdal kommunale ungdomsklubb, Kosen, er lokalisert i Gamleskulen og er open for ungdom i alderen 13-18 år. Opningstider er tysdag og torsdag 18.30-22.00. Klubben skal legge til rette for ulike sosiale aktivitetar for ungdom i fritida. Vaksne skal vere tilstades for ungdommane og det skal vere ein sosial møteplass med gode og positive opplevingar. Vi ønskjer å legge til rette for eigen utvikling, kreativitet og bevisstgjering.

Klubben har ein viktig funksjon som uformell møtestad for ungdom. Her har ein aktivitetar som biljard, bordtennis, ulike spel, TV spel osb. Det er kjøken der ungdommane sjølve har sal av pizza, brus og noko snop.

RØYKING, ALKOHOL OG ANDRE RUSMIDDEL ER FORBODE PÅ KOSEN SITT OMRÅDE. RUSA PERSONAR HAR IKKJE TILGJENGE TIL KLUBBEN SINE AKTIVITETAR.

 

 


 

Tips en venn Skriv ut