Reinhald

Reinhaldar

Reinhaldarane i Lærdal kommune er ein del av FDV-tenesta, dei utfører og har ansvar for reinhaldet i kommunale bygg.

Moderne verktøy og rett bruk gjer at reinhaldarane kan utføre arbeidet i samsvar med kvalitetssystemet INSTA800.

Reinhaldsleiar har ansvar for Lærdal kommune sitt stoff-kartotek dvs. oppbevaring og bruk av kjemikalier i kommunen.

Det er i dag tilsett 12 reinhaldarar + reinhaldsleiar i ulike stillingsprosentar. Fem av desse har fagbrev.

Organisering av arbeidet er fleksibelt, dei er gode på å tilpasse seg endringar på faste oppsette arbeidsplanar når det er naudsynt. Reinhaldarane legg vekt på å ha eit godt samarbeid med brukarane, slik at me får eit godt inneklima på arbeidsplassane i kommunen.

Leiar på reinhaldstenesta: Mette Bruheim mobil 970 82 164.
          

 

Tips en venn Skriv ut