Reguleringsplan Håbakken


Områderegulering for Håbakken - delområde I - vedtak av plan

14. desember 2017

Kommunestyret har i møte 23.11.2017 vedteke områderegulering for Håbakken – delområde I.

Områderegulering for Håbakken - delområde 1 - utlegging til nytt offentleg ettersyn

03. juli 2017

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir områderegulering for Håbakken – delområde I, lagd ut til ny høyring og nytt offentleg ettersyn etter første gongs behandling i formannskapet 22.06.2017 sak 099/17.

Håbakken Næringspark del I og II

Folkemøte om planarbeid på Håbakken i Lærdal kulturhus 16. november

14. november 2016

Lærdal kommune inviterer til folkemøte onsdag 16. november kl. 19.00 - 21.00 om reguleringsplanarbeidet og ulike prosjektplanar som pågår i Håbakken.


Stad: Lærdal kulturhus
Dato: 16. november 2016
Klokka: 19.00 – 21.00

 
Dagsorden
1. Politisk bakgrunn for planarbeidet
2. Presentasjon av moglegheitsstudia for Håbakken
3. Presentasjon av planframlegga med tilhøyrande konsekvensutgreiing
4. Vidare prosess - saksgang
5. Pause
6. Spørsmål til planframlegget
7. Informasjon frå LNU om prosjekt som det vert jobba med  (SIMAS, Lærdal Grønt og flytting av kontrollstasjonen)    
                              
Den 25. november 2016 inviterer Lærdal kommunen til open kontordag om planarbeidet på Rådhuset mellom kl. 10.00 og 14.00, der dei som ønskjer kan møte og få informasjon om innhaldet i planen, vidare planprosess osv.  Minner og om at merknad til planframlegget må vera kommunen i hende seinast 02.12.2016.