Pressemelding

Rådmann Alf Olsen jr. går truleg over i ny stilling i Lærdal kommune

Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret 21. juni, men slik det ligg an vil rådmann Alf Olsen jr. i Lærdal gå over i ei nyoppretta stilling, rådgjevar – utvikling, frå 1. juli av.

– Alf Olsen jr. har spesielle kunnskapar og eigenskapar som gjer at ikkje så mange andre enn han kan ta desse tunge prosjekta som har stått litt i stampe, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim.

Kulturhus, skrantesjuke og helsetenestene

Den nyoppretta stillinga skal først og fremst ha strategisk viktige prosjekt som arbeidsfelt:
1. Utviklingsarbeidet som skal gjerast i høve kulturhuset og villakssenteret, sett i samanheng med intensjonsavtalen som er gjort med Flåm AS.

2. Bidra til å forma og jobba innanfor eit nasjonalt program for arbeid med skrantesjuke på hjortevilt.

3. Utvikling av sjukehuset og nærare definerte helse- og omsorgstenester. På den eine sida handlar dette om relasjonane mellom sjukehuset og helsesenteret. På den andre sida om eit forprosjekt og eventuelt hovudprosjekt for tilbod til brukarar med samansette og langvarige behov innanfor rus og psykiatri.

– Me har slite med å få framdrift i desse sakene, og me såg ikkje løysinga før me byrja å diskutera om Alf Olsen jr. kunne tenkjast å gå over i denne stillinga. Då fall det på plass. Dette har vore ein lengre prosess, og fokuset for både meg og rådmannen har vore ei best mogleg løysing for Lærdal, seier ordførar Solheim.

Blir avgjort i kommunestyret 21. juni

Onsdag 13. juni var saka var oppe for administrasjonsutvalet, som samrøystes slutta seg til løysinga. Av saksutgreiinga går det fram at den nye stillinga skal leggjast direkte
under rådmannen. Vidare at oppgåvene ikkje skal belast driftsbudsjettet til kommunen, men finansierst gjennom interne prosjekt eller investeringar, ekstern finansiering og midlar frå næringsfondet og/eller omstillingsarbeidet

Uansett er det slik at spørsmålet kring kor vidt den nye stillinga skal opprettast og om Alf Olsen jr. skal gå over i denne stillinga – noko som naturleg nok medfører at ein må starta prosessen med å lysa ut etter ny rådmann – er noko som blir avgjort i komande kommunestyremøte.

– Me må tenkja på både kort og lang sikt. Og dette skal eg diskutera 21. juni med kommunestyret, som har arbeidsgivaransvaret for rådmannen. Ingenting er endeleg før saka har vore oppe der og då, avsluttar Solheim.


For ytterlegare kommentarar, ta kontakt med ordførar Jan Geir Solheim, tlf. 98 88 88 00.

Tips en venn Skriv ut