NTNU-forskarar treng hjelp frå lærdøler til forskingsprosjekt

NTNU_400x300

 

 

18. april besøkte to forskarar frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) på Gjøvik, Tetiana Kuchynska og Iurii Voitenko, frå Institutt for elektroniske systemer Lærdal for å møta ordførar Jan Geir Solheim (innfelt bilete). Under møtet diskuterte dei Lærdal Kommune sin deltaking i eit  forskingsprosjekt. Som resultat av møtet blir no Lærdal sine innbyggjarar tilbydde å delta i ei kort undersøkjing om kommunikasjonsproblem under Lærdalsbrannen i 2014.

Me inviterer deg til å delta i ei online undersøkjing som skal utforma ein mer effektiv metode for krisekommunikasjon. I denne undersøkjinga har du moglegheita til å dela di erfaring med kommunikasjonen under katastrofar og redningsaktivitetar. Denne undersøkjinga er ein del av eit vitskapeleg prosjekt, «Sikker kommunikasjon i dynamiske og missjon-kritisk nettverk» – finansiert av  Regionale forskningsrådet Innlandet – utført ved NTNU Gjøvik. 

Din innsats vil gi forskargruppa verdifull informasjon om kommunikasjonsmetodane folk føretrekkjer i ein farleg situasjon, noko som vil bidra til kontinuerleg betring av problemet. Informasjon samla i denne undersøkjinga vil bli skrive opp som eit vitskapeleg tidsskrift og presentert i dei internasjonale konferansane om katastrofehandtering.

Denne korte undersøkjinga vil ta inntil 5 minutt av tida di. Undersøkjinga finn du her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfwtcRN-fF3jqhRU2tuLdwPnrQSuvzGh-bq5MvChl2mragytA/viewform

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut