Lokalhistorie

Lærdal har til alle tider vore eit knutepunkt mellom sjø og land og mellom aust og vest. Lærdal satsar på eit kulturbasert reiseliv der historieformidling er ein viktig del. Kjende attraksjonar er til dømes Gamle Lærdalsøyri, Norsk Villakssenter, Borgund stavkyrkje og dei gamle vegane. Lærdal kommune har gjennom lokalhistorisk kontor hatt som målsetting å sikre overføring og formidling av allsidig informasjon og kunnskap om lokalsamfunnet og dei levekåra som forfedrane våre har vore med å forma.

Kontoret har samla eit variert arkivmateriale om ulike tema, og kulturvernkonsulenten har vore redaktør for fem bind av Lærdal bygdebok. 

Det vert frå tid til annan levert inn mykje verdfullt historisk materiale. Gamle foto, stadnamn musikk, gjenstandar osb. vert oppbevart sikkert i lokalhistorisk kontor. Kontoret formidlar også innleverte arkiv vidare til Sogn og Fjordane fylkesarkiv.


Bygdebøker

Kulturvernkonsulenten har vore redaktør for fem bind av Lærdal bygdebok:

 

- Lærdal bygdebok I Heim og ætt Borgund sokn 1987
- Lærdal bygdebok II Heim og ætt Tønjum sokn
Galdane - Bø
1990
- Lærdal bygdebok III Heim og ætt Tønjum og Hauge Sokn
Grøto - Hunderi
1994
- Lærdal bygdebok VI Heim og ætt Hauge Sokn
Lærdalsøyri - Mjelde - Øye -Stødno
2001
- Lærdal bygdebok V Heim og ætt Hauge Sokn
Erdal - Strendene - Vindedal -Frønningen
2005

Bøkene og andre kulturhistoriske hefte kan ein kjøpe ved å kontakte Lærdal kommune.


Forvaltning og vern av kulturminne

Lærdal kommune har eigen kulturvernkonsulent, som i samarbeid med private eigarar og eldsjeler sikrar at dei kulturhistoriske verdiane i kommunen vert ivaretekne.

Gamle Lærdalsøyri er eit unikt kulturmiljø med høg verdi både i lokal, regional og nasjonal samanheng. Strandstaden vart alt i 1970 regulert til spesialområde for bevaring med heimel i plan- og bygningslova. Eigen forvaltningsplan gjeld for området med buffersone. Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri er eit uavhengig, rådgjevande organ som skal kome med faglege råd og innspel i samband med byggesaker i verneområdet. Leiaren er oppnemnt av kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Borgund stavkyrkje frå ca. 1182 ligg på Borgund i Lærdal, og er eitt av dei best bevarte minnesmerka i landet. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen, og Lærdal sitt kommunevapen er to stiliserte dragehovud frå stavkyrkja.
Dei gamle vegane i Lærdal er mange og spektakulære. Flott ingeniørkunst kan ein sjå både i Vindhella og Seltåsen, og den gamle kongevegen over Filefjell er eit satsingsområde. Lærdal kommune har eit godt samarbeid med Statens vegvesen i forvaltninga av dei gamle vegane i dalen.

 



 

Tips en venn Skriv ut