Ledig stilling som prosjektleiar

PROSJEKTLEIAR

Kommunane Årdal, Lærdal og Aurland har inngått intensjonsavtale om utvida interkommunalt samarbeid.
Målesetjinga er å styrkja rekrutteringa, skapa gode og attraktive fagmiljø, meir effektiv drift og evne til å løysa nye oppgåver. Eit funksjonelt samarbeid mellom kommunane vil stimulera til positiv utvikling, både som attraktiv stad å bu og for å utvikla nye og framtidsretta arbeidsplassar.
Arbeidet vert leia av styringsgruppe, vald av kommunestyra i dei tre kommunane.
Me søkjer etter prosjektleiar i 100% engasjementsstilling i eitt år.

Arbeidsoppgåver:

  • Saksførebuing og rapportering til styringsgruppa

  • Konkretisering av utvida samarbeid

  • Samarbeid med administrasjonen i dei tre kommunane

  • Formidling og informasjon

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule

  • Røynsle frå utviklings- og omstillingsarbeid

  • Evne til skapa engasjement og resultat

Lønn og arbeidsstad etter avtale.

Søknadsfrist: 12. mai 2018

For nærare opplysningar om stillingen: ordførarane Arild Ingar Lægreid (975 29 137) , Jan Geir Solheim (988 88 800), Noralv Distad(959 84 638)

Søknad til Aurland kommune ved ordførar, Vangen 1, 5745 Aurland noralv.distad@aurland.kommune.no

 

 

 

 

Tips en venn Skriv ut