Lærdal Næringsutvikling AS

Kommunestyret vedtok 23. august 2012 å etablere eit næringsselskap i Lærdal, Lærdal Næringsutvikling AS. Aksjonærar i selskapet er Lærdal kommune og Lærdal Næringssamskipnad. Styret i selskapet skal ha 5 medlemmer, to valde etter tilråding frå kommunen, to vald etter tilråding frå næringssamskipnaden og eitt styremedlem valt på fritt grunnlag av generalforsamlinga.

Føremålet til Lærdal Næringsutvikling AS er å drive aktivt for å fremje næringslivet i Lærdal.

Meir konkret skal selskapet:

  • Gje rettleiing til einskildpersonar og bedrifter.
  • Ta ei aktiv rolle i prosjekt som gjeld næringsutvikling i Lærdal kommune eller regionen.
  • Vere kontaktperson mellom næringslivet, kommunale og andre offentlege styresmakter.
  • Informere lokalsamfunnet om næringslivet, slik at ein fremjar forståing mellom desse.
  • Arbeide med oppgåver som er av felles interesse for det lokale næringslivet.
  • Der det er særskilt behov for det, kan selskapet delta med eigarskap ved etablering av selskap/reorganisering av selskap med kommunen si godkjenning.

Selskapet skal jobbe med utvikling av eksisterande næringsliv og legge til rette for nyetableringar. Selskapet skal vidare førebu handsaming av søknader om stønad frå nærings- og konsesjonsavgiftsfondet og gje tilråding til kommunen i slike saker.

Lærdal har status som omstillingskommune, i samarbeid med Årdal. Statusen gjeld for perioden 2013 til og med 2017. Lærdal Næringsutvikling har det operative ansvaret for gjennomføring av omstillingsarbeidet i Lærdal.

Det er Lærdal Næringsutvikling AS ein skal ta kontakt med når det gjeld rådgjeving i næringssaker, søknader om stønad etter nærings- og konsesjonsavgiftsfondet og saker som gjeld omstillingsarbeidet i kommunen.    

Arve Tokvam er dagleg leiar i Lærdal Næringsutvikling AS. Han er også prosjektleiar i omstillingsprogrammet. Selskapet har kontor i 2. etasje i Kiwi-bygget.


Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Øyraplassen 11, 6887 Lærdal
Postadresse: Postboks 28, 6886 Lærdal
Tlf.: (+47) 992 882 02
E-post: post@laerdalnu.no
Nettside: www.laerdalnu.no

Tips en venn Skriv ut