Lærdal kommune har tilsett to nye allmennlegar

Dei nye legane skal etter planen vere på plass i løpet av mars 2018

Etter 1. mars 2017 kan ikkje ein kommune tilsetje allmennlegar utan at dei er spesialistar i allmennmedisin eller er under slik utdanning. Trass strengare krav har det vore godt tilfang av søkjarar til dei to stillingane som allmennlege Lærdal kommune lyste ut før jul.

– Kommunen har hatt ein utlysningsrunde der det kom inn seks søkjarar. Dette er nok eit høgare tal enn kva mange andre distriktskommunar får når dei lyser ut legestillingar. At kommunen er inne i eit felles prosjekt i regi av Bergen kommune for utdanning av spesialistar innan allmennmedisin har nok utvilsamt hatt positiv verknad for søkjartalet, seier kommunalsjef for helse og omsorg, Arne Johansen.

Dei to nye legane er Yaser Arab (31) og Svetlana Ragan (49).

– Yaser kjem frå stillinga som fastlegevikar i Leikanger kommune. Han har tidlegare erfaring som fastlegevikar i Florø og Surnadal. Han har også erfaring som legevaktlege ved Orkdal sjukehus. Yaser er på plass i Lærdal i midten av mars, seier Johansen. 

– Svetlana kjem frå stillinga som bedriftslege/fagansvarleg ved Gudbrandsdal Bedriftshelseteneste. Her har ho vore tilsett sidan 2011. Ho har før dette også erfaring som lege frå ulike sjukehus i austlandsområdet, held Johansen fram.

– Ser fram til å ta i mot dei nye legane 

Bakgrunnen for at kommunen søkte etter to nye allmennlegar før jul, er at begge legane som kommunen tilsette i haust sa opp sine stillingar etter kort tid, og kommunen måtte på ny jakt etter kommunelegar.

– Det såg i haust ut til at legesituasjonen var under kontroll og ein hadde med det ei positiv forventning om større stabilitet framover. Det synte seg diverre at dette ikkje skulle bli situasjonen særskild lenge, seier Johansen.

Likevel har situasjonen altså løyst seg kjapt etter ny utlysingsrunde.

– Lærdal kommune er glad for at begge dei nye legane har takka ja til stilling i Lærdal, og ser fram til å ta dei i mot, seier Johansen.  
– Heldige som har dyktige vikarar
Fram til dei nye legane er på plass har kommunen engasjert vikarar. Christoffer Asbjørnsen har vore vikar i Lærdal sidan april 2017, og kommunen har forlenga avtalen med han fram til ut april 2017. Tariq Malik er den andre vikaren; han har tidlegare vore legevikar i Årdal kommune. 

– Han var då også legevaktslege og er godt kjent i området vårt. Me er heldige som har dyktige vikarar i desse to, så innbyggjarane i Lærdal kan vere trygg på god legedekning inntil dei nye legane er på plass. 

Innbyggjarane i Lærdal vil innan kort tid få tildelt ny fastlege. 

– Dette skjer frå sentralt hald. Kommunen har ikkje innverknad på dette, men ved å gå inn på helsenorge.no kan dei som ynskje det bytte til anna fastlege, avsluttar Johansen. 

 

Tips en venn Skriv ut