Kommunestyret på synfaring i "heile" bygda torsdag

Kommunestyret skal fyrstkomande torsdag på synfaringsdag saman med administrasjonen i kommunen.  Målet med synfaringa er å få eit overblikk på dei aktuelle innspela som er komen til oppstart av revidering av Kommuneplanen sin arealdel, og sjå på områda for større plansaker som er i gang.  Det er sett opp nokre planlagde stoppepunkt, men det kan bli færre eller fleire stoppepunkt etter kva ein får tid til.  Det er ikkje tidfesta når me stoppar på dei ulike stadene, og det vert ikkje lagt opp til møte med grunneigarar/utbyggjarar/tiltakshavarar under synfaringsdagen denne gongen.  Dette er fordi kommunestyret på dette stadiet skal ha moglegheit til å få eit nøytralt innblikk i dei ulike sakene, og få oversyn over kva saker som kan koma til vidare handsaming dei neste månadane. 

Revidering av Arealdelen til kommunen vil ha ein omfattande planprosess med mange moglegheiter for innspel frå grunneigarar, naboar, utbyggjarar osv. med varslingar, kunngjeringar, folkemøter, grunneigarmøter og offentleg ettersyn.   I dei fleste sakene skal det også gjennomførast eigne reguleringsplanprosessar, med eigne synfaringar med grunneigarar, folkemøter osv, og i mange av sakene er også dette godt i gang.  Utover hausten vert det arrangert fleire folkemøter knytt til dei ulike planprosessane, der alle som ynskjer, er velkomne til å delta med innspel og spørsmål om plansakene.  Føl med på heimesida til kommunen og kunngjeringar i Sogn Avis for informasjon og invitasjon til folkemøter.  Grunneigarar/utbyggjarar får eigen innkalling til synfaringsdagar, møter osv. i dei ulike sakene.

Les innkallinga til kommunestyret sin synfaringsdag her:
http://www.laerdal.kommune.no/moete-i-formannskapet-30-08-2018.6141525-156407.html

For spørsmål om synfaringsdagen, revidering av Arealdelen, eller anna kring plansakene i kommunen, ta gjerne kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne (epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no, tlf. 90516686).