Lærdal kommunale kino

Lærdal kommunale kino ynskjer å gi publikum eit variert filmtilbod med gode og aktuelle filmar. Velkomen til gode, spanande, rørande, tankevekkande, flotte filmopplevingar i Lærdal Kulturhus!

Lærdal kino har eigen facebook side, sjå denne for oppdateringar.








 

  • 1
  • 2
Kvar?
Lærdal  kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyning kvar helg og Go´Filmen omlag annakvar torsdag.
Kinoprogrammet finn du på facebooksida vår, på kommunen sine heimesider, i lokalavisa, på oppslag i kulturhuset og i plakattavla på rådhuset.
Kinoen har og kiosk der det er høve til å handle seg nypoppa popkorn, snop og drikke.  Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar.
 
Teknisk
I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har topp moderne lydanlegg; Electrovoice og JBL høgtalaranlegg, Dolby surround prosessor og QSC forsterkarar.
 
Aldersgrenser på kino:
Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i Lov om beskyttelse av mindreårige mot skadelige bildeprogram mv. som de finn her: https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2015-02-06-7.

A – tillate for alle

6 år – alle born i fylgje med vaksne.

9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne.

12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne.

15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne.

18 år – absolutt aldersgrense.
 
 
Billettprisar på kino:
 
Vaksne kr. 100,-
 
Born kr. 80,-
 
Ved høve kan det vere eigne prisar for premierar og spesielle framsyningar.
 
Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis.
 
Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.
 
Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino.
 
Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.







 








 

Tips en venn Skriv ut