Idrettsanlegg

Lag- og organisasjonar har i samarbeid med Lærdal kommune bygt mange nye idrettsanlegg dei siste åra, og har no tilbod innan dei fleste idrettsgreiner. Lærdal idrettslag er den største aktøren innan idrett i bygda.

Lærdalshallen, med 22x44 meter treningsflate, er bygt i tilknytning til Lærdalsøyri skule. Skulen nyttar hallen i skuletida, og har det administrative ansvaret i skuletida. Kulturkontoret ved kulturkonsulenten har det administrative ansvaret etter skuletid og i helgane. Hallen vert drifta av tenesteeining teknisk drift. Meir informsjon om Lærdalshallen finn du her.

Badebasseng er plassert ved Lærdalsøyri skule og Borgund barne- og ungdomsskule. Rektorane ved dei respektive skulane administrerer bruken av desse.

Fotballanlegg er det fleire plassar i bygda, både på Lærdalsøyri, Ljøsne og Borgund. Det er og mindre fotballøkker i bustadområda. Det største og mest nytta anlegget ligg ved Lærdalsøyri skule. Her er både kunstgrasbane, naturgrasbane og grusbane, i tillegg til ballbingen på skuleplassen. Fotballanlegget har og serviceanlegg med toalett.

Skøytebane for aktivitetar både på is og rulleskøyter er plassert på Lærdal stadion. Anlegget har 400 meter hurtigløpsbane, mini hockeybane og 250 meter rulleskøytebane.

Ridebane er etablert på idrettsbana på Borgund av Lærdal Ride- og Køyreklubb. Bana opna i 2008.

Golfbane med 6 hol vart opparbeida på Rikheim gard på Ljøsne i år 2000 av Lærdal Golfklubb.

Skyteanlegg er det fleire plassar i kommunen. Lærdal skytehus vart teke i bruk i januar 2005. Elles er det 100 meter bane på Hegg i Borgund og i Buene på Frønningen. Skytebana i Øyradalen har 100 og 300 meter bane. Denne er eigd av Forsvaret, men skyttarkrinsen nyttar bana fritt. Skytebaneutvalet arbeidar no for å etablere eit nytt sentrumsnært utandørs skyteanlegg. 

Friidrettsanlegg med 4 100-meter løpebaner og anlegg for kast og hopp stod ferdig ved Lærdalsøyri skule hausten 2010. 

Sandvolleyballbane er etablert ved Borgund idrettsbane, Lærdalsøyri skule og på Grandane nede ved fjorden.

Lysløype finn ein på Kvamme i Borgund og på Maristova.

Nærmiljøanlegg er og plassert på ulike stader i bygda.

For meir informasjon ta kontakt med Lærdal kulturkontor:

Magne Grøttebø

Telefon: 57 64 12 63

E-post: magne.grottebo@laerdal.kommune.no

Tips en venn Skriv ut