Flyktningtenesta

Flyktningtenesta har det koordinerande ansvaret for busetjing, kvalifisering og integrering av flyktningar i samsvar med måltal for busette i Lærdal kommune. Kommunestyret i Lærdal fattar vedtak om tal på årlege busetjingar. For 2016 og 2017 skal Lærdal busetje 30 flyktningar. Familiesameinte kjem i tillegg.
Flyktningtenesta skal gje tenester til flyktningar som skal busetjast i kommunen etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI). Når flyktningtenesta har klar bustad og oppfølgingsressursar vil IMDI få melding om at kommunen kan ta i mot nye flyktningar.

Aktuelle tenester:
•    Kartlegging og oppfølging
•    Busetting og bu-rettleiing
•    Bidra til utdanning, kvalifisering og framtidig arbeid
•    Fatte vedtak om introduksjonsordning og økonomisk stønad
•    Bidra til integrering og inkludering av flyktningar i kommunen
•    Samordning og tverrfaglig samarbeid i kommunen
•    Arbeid med ekstern og intern informasjon
•    Kontakt med myndigheitene (bl.a. IMDi, UDI, Bufetat)
•    Kontakt med arbeidsgjevarar/næringslivet i høve til å få språkpraksis
 

Aktuelle linkar til internettsider med meir informasjon:
Introduksjonsloven
IMDi


Flyktningtenesta er avhengig av samfunnsengasjerte arbeidsgjevarar som ynskjer å tilby språkpraksis til våre nye lærdøler. Ta kontakt med NAV Lærdal dersom de ynskjer å tilby språkpraksis.
Der er eit ynskje å komme i kontakt med privatpersonar som kan leige ut hus eller leilegheit til flyktningtenesta.

Kontaktinfo:

Flykningkonsulent med fagleiar i Aurland og Lærdal: Turid Stigen Sørensen
Tlf 40436968
E-post: turid.stigen.sorensen@laerdal.kommune.no

John Bøthun Liøen, flyktningekonsulent
Tlf 45978495
E-post: john.bothun.lioen@nav.no

June Kvalvågnes, flyktningekonsulent
Tlf: 97186319
E-post: June.Kvalvagnes@nav.no

 

Tips en venn Skriv ut