Flaumsikring - utsett frist for innspel

Kommunestyret har, som tidlegare varsla, vedteke oppstart av Reguleringsplan for flaumsikring av Lærdalsøyri.  Meir informasjon om dette her. 

Frist for innspel til planarbeidet var sett til 17. november 2017.  På grunn av eit møte i saka som vart utsett til fredag 17. november, vert fristen utsett til 22. november 2017.  Dette gjeld for alle som ynskjer å sende inn innspel til planarbeidet.  Til orientering, så er møtet fredag for leiarar i fiskevalda og turlaget, og møtet er eit dialogmøte om den framtidige bruken av flaumsikringstiltaket til fiske og friluftsliv.  Dette er altså ikkje eit møte for alle grunneigarane i planområdet - dette kjem seinare i saka.  Det vil bli heldt møte både for alle grunneigarane, for berørde grunneigarar innanfor delområde, og for lag og organisasjonar i forhold til spesifikke tema.  Meir informasjon om dette kjem etterkvart.

For spørsmål om planarbeidet, ta kontakt med arealplanleggjar Monika Lysne (epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no, tlf. 57641235/90516686).