Informasjon om feieavgift, feiing og tilsyn

Feiaren

Feieavgifta er avgift for feiing av skorstein og for tilsyn av fyringsanlegget. Feieavgifta vert innkrevd kvart år.
Feieavgifta dekkjer feiing og tilsyn, feiing kvart 2. år og eit tilsyn kvart 4. år.

For at feiinga skal bli utført pliktar huseigar å syta for at feiaren har tilstrekkeleg tilgang til skorsteinen. Stigar, taktrinn og plattform skal vere godkjent og rett montert.

Sikringstiltak: 
Kravet i dag er at takstege skal være festa i bærande konstruksjon. Der dette kan vere vanskeleg å få til, ta kontakt med feiaren og be å få råd om løysingar.
Det skal være tilkomst til dei skorsteinane som skal feiast, då med fast montert takstege eller gangbru.
Til stigen opp til tak er det krav om at den ikkje skal gli, sikring er å feste den i toppen med tau/kjetting ev. med sklisikringskrokar.
Der skorsteinen er over 1,20 meter, skal det være montert feieplattform.
Me må sette krav til huseigar når det gjeld sikkerheit, feiaren skal ha sikker tilkomst til pipa, og ferdast trygt på taket når han feiar.

Før feiing kan utførast, er det viktig at huseigar ser etter at alle opningar på eldstaden, samt sotluke er stengt.
Dette for å hindre sotskade inne i huset.

Tilsyn min. 4. kvart år omfattar:
Kontroll av eldstad, skorstein og tilkopling
Røykvarslarar, rømmingsvegar
Informasjonsarbeid

Tiltaka er heimla i: 
Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn  § 2-6
Forskrift om bruk av arbeidsutstyr-arbeidstilsynet
Plan- og bygningslova med forskrifter

Om ikkje feiaren har tilfredstillande tilgang til skorsteinen, og ikkje får utføre lovpålagte oppgåver, kan det føra til fyringsforbod på anlegget.

Fritak for feieavgift:
I nokre høve kan ein søka om fritak for feieavgift (feie- og tilsynsavgift). Ein av følgjande føresetnader må stettast for å få fritak for feieavgift:

1. Bustaden/leiligheitene har ikkje skorstein
2. Det er ingen eldstader/peis kopla til skorsteinen
3. Har gassfyrt eldstad, men ikkje skorstein (får fritak for feiing, ikkje tilsyn)
4. Eigedomen er registrert som fritidsbustad (det er da ikkje krav til feiing og tilsyn)
5. Eigedomen er ubebudd

Viser ellers til Forskrift om brannførebyggande tiltak og tilsyn , kap. 7.

Brannsjefen 



  

Tips en venn Skriv ut