Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing som skal bidra til at alle skuleelever i Noreg får møte profesjonell kunst og kultur av alle slag. Den kulturelle skulesekken er eit samarbeidsprosjekt mellom Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Elevane og skulene skal gjennom ordninga få mulegheit til å oppleve, gjere seg kjend med og utvikle forståing for profesjonell kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Kulturtilboda skal vere av høg kvalitet og vise heile breidda av kulturuttrykk:

  • Scenekunst
  • Visuell kunst
  • Musikk
  • Film
  • Litteratur
  • Kulturarv

Den kulturelle skulesekken har vore ein del av regjeringa si kulturpolitiske satsing for grunnskulen sidan 2001, og har etter kvart vorte utvida til vidaregåande skule. Dette tyder at alle elevar – frå 1. til 10. trinn på grunnskulen, og fra 1. til 3. trinn på vidaregåande– innlemmast i ordninga.

Tips en venn Skriv ut