Brann og redning

BrannbilarUtrykningsbil - fremskutt enhet

Lærdal Brann og Redning er delt i to arbeidsfelt:

  • Brannførebyggande arbeid
  • Utrykning ved brann og ulykker

Brannførebyggande arbeid:

Brannførebyggande arbeid ligg i namnet, førebygging av brann. Lærdal kommune skal ha ei bemanning og kompetanse som gjer at krav som vert stillt ved gjennomføring av førebyggande og kontrollerande oppgåver vert oppfyllt.

Me utfører brannteknisk inspeksjon (tilsyn) av særskilde brannobjekt (skular, hotell, sjukeheim o.l) samt:

  • sakshandsaming ved oppbevaring av brannfarlige og eksplosive varer
  • brannteknisk byggesakshandsaming
  • opplæring av brannvernansvarlege/brannvernleiarar
  • brannvernopplæring vert gitt til skuleelevar, barnehagar, kommunalt tilsett helsepersonell. Me bidreg der me kan ved forespørsel
  • kurs/informasjonsarbeid
  • feiing
  • beredskap

Utrykning ved brann og ulykker:

Lærdal Brann og Redning skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet er bygd opp etter forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen som bygger på tal innbyggarar og type risiko ein har i kommunen. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid.

Brannsjef i Lærdal er: Gaute Johnsgaard e-post: gaute.johnsgaard@ardal.kommune.no

 

Tips en venn Skriv ut