Bibliotek
Kven får tenesta
Alle med fast adresse i Noreg kan få lånekort. Dersom du p.g.a. høg alder ikkje kan koma til biblioteket kan du etter avtale få levert bøkene heim til deg.
Korleis få tenesta
Alle som ønskjer tenesta må vende seg til biblioteket.
Kva omfattar tenesta
Biblioteket stiller eige materiale til disposisjon for brukarane. Biblioteket kan fjernlåne bøker og anna som ikkje finst i eiga samling frå andre bibliotek.
Kva kan eg forvente
Lærdal folkebibliotek skal med heimel i biblioteklova stille bøker og anna eigna materiale gratis til disposisjon. Biblioteka skal i sine tilbod til born og vaksne legge vekt på kvalitet, breidde og aktualitet.
Plikter til brukar
Adresseendring eller tap av kort må meldast til biblioteket.
Pris
Tenesta er gratis, men med gebyr ved overskride leveringsfrist:
1. gongs purring gratis. 2. og 3. gongs purring kr. 20,-. Filmar kr. 10,- per dag. Det vert sendt ut 3 påminningar etter at lånetida er ute. Etter dette vert det sendt ut rekning. Bortkomne eller øydelagde bøker, lydbøker, filmar o.l. må erstattast.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Lærdalsøyri skule, Skulevegen 11, 6887 LÆRDAL.
Postadresse: Lærdal folkebibliotek, postboks 93, 6886 LÆRDAL.
Telefon: 57 64 13 40. Telefax: 57 64 12 01.
E-post: laerdal.bibliotek@laerdal.kommune.no
Publisert: tirsdag 7. september 2010, 09:54
Oppdatert: torsdag 17. november 2011, 12:42
Skrevet av: Ine Nyseth