Anleggsarbeid på Fodnes ferjekai

  • 1

Etter sommarferien (august) startar Statens vegvesen med anleggsarbeid på Fodnes ferjekai.  Målet med arbeidet er å gjennomføre universell utforming av bussoppstillingsplassen, og utviding av ferjekai for ny trafo og ladestasjon til ferjene.  Oversiktskartet syner kva som skal utførast av arbeid, og planlagd riggområde i byggjefasen. 

Trafikken på ferjesambandet skal gå som normalt i anleggstida, og arbeidet skal vera ferdig innan 15.02.2019.

Meir informasjon om arbeidet på Mannheller og Fodnes ferjekai kan lesast her (trykk på linken).

Tips en venn Skriv ut