Kutoppen

Søndag 21.10. Kl. 16.30.
Sjanger: Animasjon/Barnefilm
Sensur: Alle
Lengde: 1 t. 02 min.
Kr. 80/100,-

Klara er ein ung bykalv som drøymer om å verte ei stor stjerne. Ein dag får ho eit brev frå far sin, oksen Mosk, som ho ikkje har sett på mange år. Mosk vil at ho skal vitje han på garden hans, Kutoppen, til sommaren. Mora til Klara har fortalt at Mosk er ei stor rockestjerne og no har Klara endeleg sjansen til å verte kjent med han, ho er sikker på at han vil ha trua på at ho kan bli like stor stjerne som han. Men overraskinga er stor når Klara kjem til Kutoppen og oppdagar at faren Mosk ikkje er ei rockestjerne. Han er berre ein vanleg eplekakebonde. Og ikkje nok med det: Han har fått kugalskap og vil miste garden sin om han ikkje bakar hundre eplekaker på ei veke til kjøpmannen. Klara bestemmer seg for at ho skal redde garden, og ikkje berre det, ho skal bake så gode eplekaker at ho vil bli kåra til den beste bakestjerna i verda og Kutoppen vil bli ein stjernegard. Men utfordringane lurer: Klara kan ikkje noko som helst om gardsarbeid og nokon saboterar kakebakinga?

: Lærdal Kulturhus
Tid: søndag 21. oktober 16:30
Kino
https://www.facebook.com/events/3308766243...