Mamma Mia: Here We Go Again

Torsdag 30.08. Kl. 16.30.
Sjanger: Komedie/Musikal
Sensur: Alle
Lengde: 1 t. 53 min.
Kr. 80/100,-

Oppfølgjaren til ein av dei største kinosuksessane gjennom tidene er her! Den herlege filmopplevinga Mamma Mia er attende! Ti år etter handlinga i den fyrste filmen, ventar Sophie og Sky born. Sophie har teke over drifta av Donna sin villa på den greske øya Kalokairi. Mens ho går svanger ynskjer ho å få vite meir om mora si fortid og korleis ho møtte dei tre fedrane til Sophie. I tillegg bankar ein ny gjest på døra; Sophie si bestemor, som ho aldri har møtt. Det er duka for nye morosame forviklingar og ei lang rekke fengande ABBA-låtar i denne gledesspreiaren av ein musikalfilm. De kan sjå fram til eit nytt møte med castet frå den fyrste filmen og ei rekke nye kjennskap i denne herlege, morosame, musikalske feelgoodfilmen!

: Lærdal Kulturhus
Tid: torsdag 30. august 16:30
Kino
https://www.facebook.com/events/2729233299...