Megalodon

Søndag 26.08. Kl. 19.30.
Sjanger: Action/Grøsser/Sci-Fi
Sensur: 12 år
Lengde: 1 t. 53 min.
Kr. 80/100,-

For fem år sidan vart djupvassredningsdykkaren og marinekapteinen Jonas Taylor (Jason Statham) angripen av eit ukjent gigantisk rovdyr i djupet av Marianegropa. Han vart tvinga til å gje opp oppdraget og halve mannskapet hans forsvann i djupet. Etter den tragiske hendinga hevdar han at angriparen var ein over 25 meter lang hai ein har rekna som utdøydd i meir enn 1 million år! Sidan det ikkje finst bevis, kostar denne utrulege påstanden han offisersjobben i marinen, dykkarkarriera og ekteskapet. Men når eit undervassfartøy synk hjelpelaust ned til havbotnen, med ekskona og hennar team ombord, er det han som vert tilkalla for å hjelpe. No må han konfrontere si eiga frykt og risikere livet sitt for å redde dei som er fanga på botnen, og få svar på eit spørsmål: Er verkeleg Carcharodon Megalodon, det største marine rovdyret som nokon sinne har levd framleis i live…og på jakt?

: Lærdal Kulturhus
Tid: søndag 26. august 19:30
Kino
https://www.facebook.com/events/2167381656...